Home » Norges beste hoteller » Heldigvis held hordane seg i hovudstaden
reise

Heldigvis held hordane seg i hovudstaden

Foto: Gunnar Garfors

Gunnar Garfors frå Naustdal er kjent for å ha besøkt alle verdas land fleire gonger. Han er no aktuell med boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land som har fått strålande kritikkar. Med ein solid dose empati, ei bøtte med sjølvironi og omfattande kunnskap har han vevd opplevingane sine saman til ei lett, men ikkje lettvint bok. I denne artikkelen ser han skrått på utanlandske turistar i Noreg. 

– Eg elskar Noreg, det er så utruleg vakkert!

Slike kommentarar får eg ofte, anten frå ferierande utlendingar, eller på reisene mine rundt i verda frå folk som skjønar at eg er norsk. Likevel viser det seg ofte at dei ikkje ein gong har vore utanfor Oslo. Hadde ikkje Gardermoen lege i Ullensaker, så er det ikkje mange turistar som hadde vore verken nord for Sinsen-krysset eller aust for Munch-museet. Og Vestlandet er ukjend for dei fleste, med unntak av cruiseturistar med lange linser og korte opphald på land. Dei færraste av desse skjønar uansett forskjellen på Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg.

– Er ikkje heile kysten i vest? lurer dei på.

Kven kan klandre dei? På kartet ser det strengt teke ut som om alt mellom Flekkefjord og Nordkapp ligg vestanfor.

Gunnar Garfors, reiseblogger og forfatter. Foto: Lexie Alford

No er eg svært glad i Oslo, heimbyen min i nesten 20 år. Men seriøst, hovudstaden er ikkje spesielt iaugefallande. Iallfall ikkje samanlikna med Sunnfjord, Nordmøre og Helgelandskysten. Eg plar seie at folk ikkje har vore i Noreg før dei har vitja Vestlandet og Nord-Noreg. Og sett naturperler, -rubinar og -diamantar. Som inkluderer øyer, fjordar, isbrear og fjell, elver, fossar, bekkar, innsjøar og skogar. Utsikter som turistane aldri vil gløyme. I definisjonen av frisk luft. Når eg i tillegg fortel om allemannsretten er det like før det svartnar for dei, og eg må vurdere om eg av helseårsaker i det heile kan nemne midnattssola og nordlyset. Dei fleste trur at eg lyg, eller i alle fall tek godt i. Landet vårt er for spektakulært til å vere sant. Så då er det kanskje ikkje så rart at fastbuande bygdeoriginalar og -normalar må kjeppjage nysgjerrige turistar frå hagar, hytter og skulegardar. Dei tilreisande trur at alt er kulisser i eit enormt Disneyland. Så fint er det i Bygdenoreg at det knappast kan vere ekte.

Det er eigentleg bra at ikkje fleire forlet Oslo. Der kan dei risikofritt nyte eminente restaurantar i verdsklasse, beundre banebrytande design og inhalere eit pulserande og variert kulturliv. Hovudstaden er kanskje akkurat fin nok til at dei tilreisande vert imponerte, men ikkje så fantastisk at dei risikerer svartesjukeattakk, mindreverdigheitskompleks og skyhøge følgjekostnadar i form av lukkepiller og psykologbesøk. Heldigvis får dei skyhøge prisane turistane fort ned på jorda att.

Av Gunnar Garfors, reiseblogger og forfatter

Neste artikkel