Home » Vinterguiden » Velkomen til Sølvgarden Hotell & Feriesenter
Sponset

Sølvgarden Hotell er det nyaste innan reiselivstilbod i Setesdal, og ligg strategisk plassert midt i dalen, der vegane mellom aust og vest (Oslo – Stavanger) og nord og sør (Kristiansand – Bergen) kryssast.Sølvgarden er ei familiebedrift som har fleire familiemedlem i jobb både på hotellet og på sylvverkstaden.

Det starta med ein liten campingplass i 1960. Sidan er det bygd opp steg for steg. Fyrst eit sanitæranlegg, så fire hytter, og sidan ein heil hyttepark. Kiosken der du kunne kjøpe is og brus vart til ein liten restaurant, sylvverkstad og gåvebutikk. Ofte har det sete tre generasjonar Rysstad på sylvverkstaden når bestillingane skulle gjerast unna.

Sylvsmia

Setesdal vert ofte kalla for Sylvsmeddalen. I Sylvsmia vert det laga sylv til bruk på alle bunadane i Telemark, Agder og Setesdal. Vi lagar også smykke som kan brukast på vanlege klede. Spør oss gjerne om eit besøk på sylvverkstaden, for å få demonstrert det gamle handverket!

Restaurant – mat til kvardag og fest

Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augene. Vi serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vi kallar det tradisjon med ein ny vri.

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Me legg stor vekt på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande. Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med oss og me lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.

Møte, kurs & konferanse

Sølvgardens møtelokaler er nyoppussa og velutstyrt. Her ligg alt til rette for det perfekte arrangementet med praktfull natur rett utafor hotelldøra.

Ta kontakt med oss så finn me ei god løysing.

Setesdalskultur

Setesdal er rik på kultur, natur og tradisjonar. Både folkemusikk, drakt, sylvsmedkunst og mattradisjonar står sterkt i dalen.

Gjestene våre kan få oppleve dette tett inn på kroppen gjennom arrangementa våre. Me har gjennom heile året med jamne mellomrom folkemusikkpub i baren der lokale heltar stiller opp med musikk og dans. Kvar sommar har me “Norsk Aften”. Då er det norske spesialiteter på menyen og folkemusikk framført av Setesdals beste utøverar.

Utøving av stevkunst, dans og folkemusikk fra Setesdal har fått plass på UNESCOs verdensarvliste for immateriell kunst i 2019.

Vinteraktiviteter

Skieventyret i Brokke ligg bare 10 min unna Sølvgarden og har unike langrennsløyper i høgfjellsterreng. Her får du kvite vidder med urørt snø eller flotte langrennsspor for den meir kresne.

I Brokke finn du ei ljosløype på over 5km og meir enn 50km med tråkka langrennsløyper.

Brokke Alpinsenter er eit familievenleg skisenter med ein roleg og familiær atmosfære, og er eit alpinsenter der ungdommen trivast!

Fantastiske tilbud

Weekendtilbud Januar-mars:
Overnatting og skikort frå kun kr 2999,- (priseksempel: overnatting 2 netter i hytte, med skikort for to voksne og to barn i en dag)

Vinterferietilbud:
Nå 30% rabatt på overnatting og skikort (gjelder ved tre overnattinger eller mer)
Rabattkode: Brokkesølv 2020 ved bestilling. Prisen forutsetter ledig kapasitet, og bestilling av både overnatting og skikort. 
BOOKING: [email protected] – tlf: 37 93 61 30 – www.solvgarden.no  

Neste artikkel