Når vinteren legg seg rundt Sognefjorden, endrar landskapet karakter. Fjorden blir stille og klar, fjella kvite av pudder, og du får ei ro som er vanskeleg å finne andre stader.
I Sognefjorden kan du nyta toppturen med fantastisk fjordutsikt, før du køyrer ned i urørt snø og avsluttar dagen med kakao ved peisen.
– Sognefjorden om vinteren er ikkje ein stad du berre reiser gjennom, men ein stad du merkar, fortel Renate Kvåle Hagen, marknadssjef i Visit Sognefjord.

Renate Kvåle Hagen
Marknadssjef i Visit Sognefjord
Du kan ta toget frå Bergen eller Oslo til Hotel Finse 1222, med lokale rettar og vinteropplevingar, som skiseiling. Vidare kan du ta toget til Myrdal, gå på trugetur eller nyta saunaen på Vatnahalsen, før turen går vidare med Flåmsbana til Flåm, seier Kvåle.
Ski, kajakk og vikingby
Flåm og Aurlandsfjorden er kanskje mest kjende for fjordcruise om sommaren, men vinteren gir ei heilt anna oppleving: Færre folk, frisk luft og vakker utsikt. RIB-turar, sauna og det ikoniske utsiktspunktet Stegastein ventar. Hotella held vinteropent og serverer mat basert på lokale råvarer. I tillegg til Stegastein er Flåmsbanemuseet populært, til liks med Vikinglandsbyen i Gudvangen, der du kan møte ekte vikingar, seier Kvåle.

Her kan du nyta toppturen med fantastisk fjordutsikt, før du køyrer ned i urørt snø. Foto: Håvard Nesbø
Opplevingar for alle
– I nærleiken ligg Lærdal og Årdal, kor du kan gå Kongevegen over Filefjell eller guida trugeturar med Bulder og Brak. Gå ein tur gjennom ein istunnel eller ta ein trugetur med utsikt mot Hurrungane i måneskinn, fortset marknadssjefen.
Og så var det snøen då. I Jostedalen ligg den gjerne heilt ut i juni, perfekt for topptur eller for å nyte urørt pudder. Her kan du òg bli med på trugetur i brelandskapet – eller utforske blåisgrottar under Nigardsbreen med lokale guider.
– Overnattingstilboda varierer frå koselege hotell til stilfulle lodger, der ein kan finne roen etter ein aktiv dag, og rundt Sognefjorden finn du to alpinanlegg med frikøyring, frå 700 meter og mange kilometer med langrennsløyper, fortel Kvåle.
Perfekt for alle
Sognefjorden har alltid vore ein stad for hardt arbeid, og for gode smakar. Rundt fjorden finn du siderprodusentar, småbruk og stølar som held liv i tradisjonane, heile året.
– «Stao no pao» er meir enn eit slagord, det er eit livsmotto. Mange trur fjorden stenger når snøen kjem, men det er faktisk då mykje av det beste skjer, seier Kvåle, som peikar på at fjorden ligg berre ein times køyring frå Hemsedal.
– Perfekt for dei som vil kombinere skikøyring med fjordutsikt, museum, god mat og siderkultur, avsluttar ho.
Velkommen til Sognefjord
Den lengste djupaste og villaste fjorden. Den største isbreen og dei høgste fjella i nord Europa. Velkomne til verdas flottaste fjordlandskap.