Skip to main content
Home » Høstens beste opplevelser » Frå høgfjell til fjord – den perfekte haustferien
Sponset

Kvifor velje éin destinasjon når du kan få både høgfjell og fjord på same haustferie? Frå Oslo går turen med Vy express til Tyin på Filefjell, høgt til fjells mellom Valdres og Sognefjorden. Her kan du starte ferien med frisk fjelluft og store naturopplevingar, før turen går vidare til Årdal og fjorden.

Haustferien treng ikkje bety lange køar på vegane eller ein tur til utlandet. Nokre av dei finaste opplevingane finn du når du reiser litt nærare, og let sjølve reisa bli ein del av ferien.

Start på fjellet

Frå Oslo kan du ta Vy express til Tyin og ha fleire dagar på Filefjell. Dei fleste avgangane blir køyrde med dobbeltdekkarar, som gir god komfort. I toppetasjen kan ein også reservere sete med god beinplass eller panoramasete heilt fremst i bussen.

På Filefjellstuene ventar frisk fjelluft, gode turmoglegheiter og ein fin base for dagar ute. Gå ein fjelltur, ta ein sykkeltur eller berre nyt roen og utsikta. Her kan du bruke fleire dagar på å utforske fjellet før turen går vidare.

Frå 1000 meter til fjord

Vil du på tur, kan du bli med på Tunnelvegen til 1000-meteren, ein spektakulær tur som knyter Filefjell og Øvre Årdal saman. Her endrar landskapet seg frå opne fjellvidder og haustfargar til bratte fjellsider, grøne dalar og fjorden som dukkar opp lenger nede.

For den som vil oppleve overgangen frå høgfjell til fjord på sykkel, er dette ein tur som verkeleg skil seg ut. Det er ei fin oppleving for deg som vil kjenne på kontrastane mellom høgfjellet og fjorden, og eit naturleg utgangspunkt for å oppleve meir av Årdal.

Land ved fjorden

Når turen går vidare til Årdal, med buss frå Filefjell til Øvre Årdal, er Klingenberg Resort ein naturleg neste stopp. Her kan du sjekke inn, senke skuldrane og la beina få ein pause etter dagane på fjellet. Kvelden kan du bruke til ein god middag på resorten, før du vaknar til fjordlandskapet neste morgon. Klingenberg Resort blir dermed eit naturleg stopp på vegen frå fjell til fjord, og eit godt utgangspunkt for å utforske meir av Årdal.

Vil du ut på fjorden, kan Bulder & Brak bli med på kajakktur. På ein roleg padletur får du oppleve Årdal frå fjorden og sjå dei bratte fjellsidene frå ein heilt annan vinkel. Om du heller vil bruke beina, er Utladalen eit godt alternativ, med fantastiske fjell, fossefall og frodig natur. Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen det høgaste verna fossefallet i Noreg.

Ei rundreise utan bil

Det fine med denne haustferien er at du faktisk kan la bilen stå heime.

Oslo → Tyin → Årdal → Oslo.

Ta Vy express frå Oslo til Tyin og sjekk inn på Filefjellstuene. Bruk nokre dagar på fjellet og få med deg 1000-meteren, før du går vidare til Årdal. Vel framme i Årdal ventar Klingenberg Resort med overnatting og middag. Dagen etter kan du velje mellom kajakk på fjorden, ein tur i Utladalen eller andre opplevingar i området.

Vy Express på Fagernes. Foto: Vy Express

Så er det berre å hoppe på Vy express frå Øvre Årdal eller Årdalstangen og setje kursen tilbake mot Oslo. For dei som heller vil køyre bil, kan den same turen sjølvsagt takast med bil, men du treng ikkje bil for å få med deg både høgfjell og fjord.

Frå høgfjell til fjord – ei haustferie med litt av alt.

Haustferie i Årdal & Tyin?

La skuldrene senke seg og ta turen til fjells i haust. I Årdal og på Tyin Filefjell ventar eit fargerikt fjellandskap, frisk fjelluft og opplevingar som gir rom for å nyte naturen i eit rolegare tempo. Her kan du kombinere gode matopplevingar, aktive dagar og komfortable overnattingar – frå høgfjellet og heilt ned til fjorden.

Next article